Som vatnet strøymer sine vegar, er me alle små dropar i livets straum. På veg frå, og til ein stad. Stundom følgjer vatnet den lettaste vegen. Stundom dukkar hindringar opp. I dei stundene livet sine straumar skjær ut, finn ein seg både inne i og mellom spørsmål og svar. Ein flyt i ei bakevje. Den som før eller sidan endrar retning og dreg dropen attende til hovudstraumen. Musikalsk kryssar Bjorland fleire grenseland mellom jazz, pop, vise, og musikken er både vakker, progressiv og eksperimentell. Tekstane kjem til i ei bakevje av hendingar både som sakn, tap av nokon, til langt lettare livsskildringar som til dømes draumen om ein fortryllande ferie.
Slagverk: Tore Flatjord
Bass: Morten Kvam
Gitar: Kristian Gullåsen
Tangenter: Jan K. Hovland
Saksofon: Inge W. Breistein
Vokal: Håkon B. Hansen
Foto: Martyna Maria Koperkiewicz, Håkon B. Hansen
Design: SQUZI
Utgjevar: NYE NOR A/S
Billetter: https://bjorland.hoopla.no/event/1813004600
FB-event: ttps://www.facebook.com/events/s/bjorland-gamle-munch/1384672815939410